Godkjenner fagkompetanse fra fem nye land

Nye land med i NOKUTs godkjenningsordning for fag- og yrkesopplæring frå utlandet og oppstart av ny godkjenningsordning for utanlandsk fagskuleutdanning.

Frå no av er det også mogeleg for søkjarar frå dei tre baltiske landa Litauen, Latvia og Estland å søkje om godkjenning av til saman 15 yrke. I tillegg lanserer NOKUT ei ny forsøksordning med rådgivande fråsegner for utanlandske fagskuleutdanningar.
– Sidan lanseringa av godkjenningsordninga for eitt år sidan er det no klart for den andre utvidinga, seier NOKUTs direktør Terje Mørland. – Dette er ei godkjenningsordning som alle dei tre partane i arbeidslivet har vore opptekne av å etablere, derfor er det ekstra gledeleg at vi er i rute med dei planlagde utvidingane, fortset han.
Kven kan søkje om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring?
Dette er ei frivillig ordning der enkeltpersonar kan søkje om godkjenning for den utanlandske fag- og yrkesopplæringa si på vidaregåande nivå. Godkjenninga er meint som eit hjelpemiddel for personar med opplæring frå utlandet i møte med den norske arbeidsmarknaden.

Godkjenningsordninga omfattar no fem land og 15 yrke. Yrka er valde ut i samarbeid med partane i arbeidslivet. Personar med opplæring frå Tyskland, Polen, Estland, Latvia og Litauen kan søkje om å få godkjent fag- og yrkesopplæringa si innanfor følgjande 15 yrke: frisør, slaktar, pølsemakar, butikkslaktar, kjøtskjerar, målar, møbelsnikkar, trevaresnikkar, tømrar, møbeltapetserar, glasfagarbeidar, industrimekanikar, murar, betongfagarbeidar og røyrleggjar.
For å kunne søkje om godkjenning må den som søkjer ha ei yrkesfagleg tilknyting til Noreg. Det tyder at søkjaren anten må opphalde seg i Noreg, eller har ein arbeidsgivar som utfører arbeid i Noreg.

Meir enn 700 søknader og flest frå Polen
– I løpet av november 2017 har vi passert 700 søknader, og fleirtalet av søkjarane kjem frå Polen, seier seksjonssjef Silje Molander i NOKUTs fagutdanningsseksjon. – Spesielt for denne godkjenningsordninga er det at kompetansen til den einskilde blir vurdert av ein sakkunnig komité, som også spesifiserer kva som eventuelt manglar for å kunne jamstille han med ein tilsvarande norsk kvalifikasjon. Dette gjer det lettare for arbeidsgivarar å tilsetje personar med rett kompetanse, og å gi tilsette tilleggskompetanse dersom det er behov for det, avsluttar ho.

Ny mellombels ordning
NOKUT har fått oppgåva med å etablere ei mellombels ordning med rådgivande fråsegner om utanlandsk fagskuleutdanning. Ordninga skal bidra til at personar med fagskuleutdanning eller liknande utdanning frå utlandet får nytta kompetansen sin i det norske arbeidslivet. I tillegg vil denne ordninga leggje eit godt grunnlag for opptaks- og fritaksvurderingar ved fagskulane.
Den mellombelse ordninga blir etablert for eitt år og vil i fyrste omgang avgrense seg til tre ulike fagretningar frå Polen og Tyskland. Desse er:
– Bygg, anlegg og KEM
– Teknikk og industriell produksjon
– Helse- og oppvekstfag

frå pressemelding

Del dette på:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

CAPTCHA ImageChange Image